Ny jobb på andre sida av jorda


David Ord og familien hans frå Cairns, Australia, vart så bergtekne av naturen i Sogn under ferien i 2015 at dei fekk lyst til å flytte hit. No - halvanna år seinare - har dei gjort nettopp det.

- Sommaren 2015 var vi - det vil seie eg, kona mi og borna våre som no er 3, 6 og 9 år - på ein lengre ferie i Europa. Vi tilbrakte tre-fire veker i Norge, hovudsakleg i Sogn og Fjordane, og vart slått i bakken av kor vakkert det var, med høge fjell og lange fjordar. Vi byrja å snakke om at her kunne vi tenkt oss å bu. Vi har alltid vore eventyrlystne. Så då vi kom tilbake til Australia spurde eg arbeidsgjevaren min, Nyrstar, om det var moglegheiter for jobb i Norge, fortel David Ord.

Det var det ikkje på det aktuelle tidspunktet.

- Men i sommar gjorde ein tidlegare kollega meg oppmerksam på at dei no søkte etter vedlikheldssjef ved Nyrstar sin fabrikk i Høyanger, og etter det gjekk ting fort. I haust var eg på besøk på fabrikken i Høyanger, og no er eg i gang i den nye jobben, seier han.

Prøvetid på to år


Han pendlar til og frå Balestrand, der han og familien no bur.

- Vi vart kjende med staden då vi var på ferie her for halvanna år sidan, og fekk oss leilegheit der, seier Ord, som er utdanna mekanisk ingeniør, og har jobba for ei rekkje selskap i heimlandet.

No sist i tre år for Nyrstar Port Pirie, nord for storbyen Adelaide i det sørlege Australia.

- Jobben min der var mykje lik den eg no har i Høyanger, med ansvar for vedlikehald, samt ulikt prosjektarbeid, seier Ord.

Før det jobba han blant anna på eit aluminaraffineri tilhøyrande Alcoa, samt for gruveselskapet BHP Billiton. Han har også vore innom Australia AirForce, der han jobba med kampfly.

- Men dette er første gong eg bur og jobbar utanfor Australia, og vi er samde om at no skal vi prøve dette i to år. Så får vi gjere opp status når vi kjem så langt, seier Ord.

Utfordringa er språket, men han reknar med at det også kjem etter kvart. Enn så lenge går det mest i engelsk.

Utfordrande språk/h3>
Ord fortel at dei elles har funne seg godt til rette, både han og familien. Dei to eldste barna Talia og Lily har byrja på skule i Balestrand, og har fått seg nye vener der. Den yngste Nat er førebels heime, med mor Tammy.

- No ventar vi berre på at møblar og anna som vart sendt sjøvegen frå Australia kjem fram. Etter kvart vil vi nok også sjå oss om etter eit større hus, som vi leiger eller kjøper, seier Ord.

I helgane er familien gjerne utandørs, og har prøvd fleire av turløypene i og rundt Balestrand.

- Men vi har ikkje gått på ski enno. Barna har prøvd det før, men har veldig lyst. Difor står også ski på ønskelista til jul. Så vi håpar ikkje at snøen drøyer for lenge, seier han, men vedgår at det har vore ein overgang å komme frå sommar i Australia, til vinter i Norge.

- Vi er ikkje vande med å gå rundt med så mykje klede no på denne tida av året, seier han og kan fortelje at i heimbyen Cairns, nord i Australia, er det for tida godt over 40 grader. - Men der kjem temperaturen aldri under 30 grader no på denne tida av året, seier han.

Nyoppretta stilling


Fabrikksjef Bjørn Berstad hos Nyrstar Høyanger fortel at tidlegare har ansvaret for vedlikehaldet ligge til ei anna stilling, på mellomleiarnivå.

- Men no som vi har gått frå å vere eit aksjeselskap, til å bli del av eit stort, internasjonalt konsern med rundt 5000 tilsette på verdsbasis - med dei krav som er knytt til det - såg vi at det var naudsynt å opprette eiga stilling som vedlikehaldssjef. Og den meinte vi David Ord var godt kvalifisert til, seier Berstad.

Det betyr at han no vil ha ansvar for løpande vedlikehad ved fabrikken i Høyanger, som tel rundt 30 tilsette, og driv med utvinning av metall som finst i biprodukt frå sinkindustrien.

- Det er ganske omfattande kostnader knytt til vedlikehald. Vi snakkar årleg om 11 millionar kroner i løpande kostnader. I tillegg kjem 15-16 millionar kroner i reine investeringar, seier Berstad.