Ny hovudarrangør for UKM-festivalen


– Vi i Høyanger har vist tidlegare at vi kan ta på oss store arrangement, seier Stig Kamonen og Bjarte Johansen i OnCue Music Productions til Ytre Sogn. No gjer dei det igjen.

I førre veke vart det nemleg klart at Høyanger–firmaet blir hovudarrangør for neste års UKM-festival. Til no har han vore arrangert i Nordfjord og Sunnfjord. Men no er det altså Sogn - og Høyanger - sin tur. Rundt 300 ungdommar frå heile fylket vil setje sitt preg på Høyanger helga 1.-2.april i 2017.

– Vi har tidlegare vore inne som teknisk leverandør under UKM, både lokalt i Høyanger og i Førde dei åra festivalen har vore der. No såg vi moglegheiten for å kunne ta på oss heile arrangementet, og ikkje berre lyd og lys, seier Stig Kamonen og Bjarte Johansen i OnCue Music Productions til Ytre Sogn.

Det blir noko heilt anna, vedgår dei.

– Det betyr alt frå å skaffe kost og losji til alle 300 ungdomane som deltek, til å lage til aktivitetar for dei når dei ikkje er opptekne med innslaga sine. Det skal blant anna vere ulike workshops. Men det blir veldig kjekt. Vi får også jobbe med og for ungdom som verkeleg brenn for det dei driv med, anten det er song, musikk, dans eller kunst. For dei er jo dette årets store happening, påpeikar dei to.

Les meir i papirutgåva fredag!