Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. juli 2020
Ytre Sogn 4. juli 2020

Etter ei vekes arbeid er ein allereie komne eit godt stykke på veg med den nye formidlingsløypa, konstaterer Franziska Rüttimann. - Dette vil gje parken eit stort løft, seier avdelingsdirektøren til Ytre Sogn.

Kvernsteinsparken får ny formidlingsløype

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 19. juni 2020

– Det blir eit løft for heile parken, seier Franziska Rüttimann om den nye formidlingsløypa som dei no er i gang med.

For ei veke sidan starta nemleg arbeidet med å byggje første del av løypa, som vil få universell utforming. Den består av ei 80 meter lang tregangbane, rett gjennom steinbrotlandskapet, som leier fram til det som blir eit nytt utkikkspunkt.


– Det er ikkje mogleg å gje heile løypa universell utforming, på grunn av landskapet. Men no blir i alle fall delar av den tilgjengelig for alle, seier avdelingsleiar Franziska Rüttiman til Ytre Sogn.


I tillegg skal også stien vidare oppgraderast. 

– På det høgste punktet kjem ei ny kvilehytte på fem kvadratmeter, med plass til to-fire personar.

Derifrå har ein blant anna utsikt til Lihesten, det kjende landemerket i Hyllestad. Og der, som i resten av parken, vil det kome opp ein stasjon forma som eit vindhjul, der ein kan bla seg fram til informasjon om kvernstein på ulike språk. Kvernsteinar var jo noko alle måtte ha for å overleve, påpeikar ho
.

Den nye formidlingsløypa er del av eit konsept dei laga for tre-fire år sidan, på korleis parken kunne løftast fram. Det bestod av tre delprosjekt, og no er dei altså i gang med det første. Kostnaden er på rundt éin million kroner. 


– Vi har fått ein del midlar gjennom BARK, som er Riksantikvaren sitt bevaringsprogram for utvalde arkeologiske kulturminne. Målet med denne ordninga er at kommunane vel eitt kulturminne som dei oppgraderer for å gjere meir tilgjengeleg, helst ved universell utforming, seier avdelingsdirektøren.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Ved portalen kjem det etter kvart ei større informasjonstavle om Kvernsteinsparken.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord