Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. august 2020
Ytre Sogn 14. august 2020

Etter nesten 30 år ved Hydro sitt verk på Karmøy er Arne-Martin Kjærland (47) klar for nye utfordringar i Høyanger. Måndag denne veka hadde han første ordinære arbeidsdagen som leiar for nærmare 160 tilsette.

Ny fabrikksjef på plass hos Hydro Høyanger

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 5. februar 2020

Arne Martin Kjærland (47), Hydro sin nye fabrikksjef i Høyanger, brukar gjerne fotballterminologi når han snakkar om jobben han no skal gjere.

– Som leiar må ein finne ein balanse, og mi oppgåve er å støtte operatørar og andre tilsette. Dei spelar kampen, medan eg som leiar set retninga, ser til at dei følgjer strategien. Ja, det handlar om å få det beste ut av laget, for å sikre berekraft og lønsemd, seier han.

– Du brukar gjerne fotballterminologi?

– Det er mykje likt i høve til fotball og rollebeskrivinga der, ja, vedgår han.

Og heller ikkje unaturleg å bruke for ein som er over snittet oppteken av fotball. I Norge er laget – ikkje overraskande – Haugesund. Utanfor er det Liverpool, slik det har vore sidan gutedagane tidleg på 80-talet, då han sjølv var oppteken med fotball på løkka. Han er imidlertid usikker på kvifor det vart nettopp Liverpool.

– Men det var nok ein kamp, eller ein spelar, som gjorde inntrykk under tippekampen. Liverpool har alltid vore laget, og som fotballsupportar

Han hadde første arbeidsdagen sin i Høyanger måndag denne veka, men allereie fredag var han innom, og hadde ein runde i fabrikken og helsa på tilsette.

Les meir om den nye fabrikksjefen i neste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord