Ny E39 forbi Vadheim kan bli sett på vent til etter 2033


Ny E39 forbi Vadheim kjem ikkje i gang før etter 2033, om Statens vegvesen si tilråding til ny Nasjonal Transportplan (NTP) blir følgd. Ordførar i Høyanger Petter Sortland er oppgitt. 


I gjeldande NTP ligg nemleg ein lang tunnel utanom Vadheim sentrum inne med planleggingsmidlar. Men no foreslår altså vegvesenet å ta den ut, i alle høve til etter 2033.


- Det betyr i så fall at vi må leve med det som er ein av dei verste flaskehalsene på E39 i Vestland i minst ti år til, seier ein tydeleg oppgitt Høyanger-ordførar til Ytre Sogn. 



Men det er ikkje einaste dårlege nyhenda for E39 i Vadheim, kan han fortelje.


- På eit møte i stamvegutvalet i førre månad kom det også signal frå vegvesenet om at dei no vil ta ut den opphavlege av- og påkoplinga til nye E39 ved Bogen - ein eittløpstunnel for trafikk som kjem frå Fv 55, og skal i retning Lavik og Bergen. Det er gjort som eit kostnadssparande tiltak, seier Sortland.



Det vil i så fall medføre at all påkopling til E39 vil skje i Ytredalen, nord for Vadheim.


- Det gjer meg uroa for Vadheim som trafikknutepunkt. Løysinga med eittløpstunnel sikra at bygda også vart det i framtida, blant anna med dei mange ekspressbussane som er innom sentrum, seier Sortland og viser til at poenget heile tida har vore god forbindelse mellom E39 og dei andre, lokale tilførselvegane, i dette tilfellet Fv 55.



Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!