Ny dagleg leiar i Havyard Ship Technology


Lasse Stokkeland har valt å trekkje seg som dagleg leiar i Havyard Ship Technology AS (HST), og styret har utpeikt Erlend Hatleberg som ny dagleg leiar.

Konsernsjef i Havyard Group ASA (HGR) og styreleiar i HST, Geir Johan Bakke, takkar Lasse for innsatsen som dagleg leiar i det som har vore ei utfordrande tid for verftet.

– Eg er glad for at Erlend har teke utfordringa og er motivert for jobben som ny dagleg leiar i HST. Erlend er opphavleg frå Leirvik. Han brenn for lokalsamfunnet, og har ved å leie nokre av dei mest krevjande prosjekta ved HST synt at han har kompetansen og røynsla som krevst for å leie eit verft i, seier Bakke i ei pressemelding.

Erlend Hatleberg er 43 år, oppvaksen i Leirvik i Sogn og bur no i Dale i Sunnfjord. Han er utdanna ingeniør i 2003 og har tidlegare arbeidd mellom anna hos Fundo i Høyanger. Han byrja på teknisk avdeling i HST i 2009. I 2011 vart han prosjektleiar, og har stått for leveransar av PSV-båtar, konstruksjonsfartøy, isbrytarar for russiske reiarar og no for de nye ferjeserien til Fjord1.

Som ein del av endringa i leiinga ved HST blir Stig Breidvik ny produksjonssjef. Breidvik er 52 år og bur i Leirvik i Sogn. Han har vore tilsett ved HST sidan 1988 og har hatt ulike stillingar innan produksjonsleiing, dei siste ti åra som prosessleiar produksjon.