Lokale nyhende frå Ytre Sogn 22. juli 2019
Ytre Sogn 22. juli 2019

Asbjørn Massnes og Egil Førde er ikkje nøgde med å måtte vente i 2 år før det kjem ny bru over Krokevasselva.

Må vente to år på ny bru

Journalist: Kyrre Fitje | Publisert: 4. juli 2019

Asbjørn Massnes og Egil Førde krev midlertidige løysingar etter at vegen deira i 2018 vart råka av eit sprengingsuhell. Øyvind Sætra hos Statens vegvesen vil gi dei ny bru i løpet av 2020.

Det er ikkje noko fint syn, brua har fått seg ein kraftig smell, seier Egil Førde, medan vi køyrer over Krokevassdammen. Den lokale eldsjela har i snart eitt år måtta nøye seg med kraftig nedsett vegstandard, etter ei sprengingsulykke på brua over demninga på Matrefjellet.

Det var 12. september 2018 at ei noko gjekk gale med ei ladning frå ein underentreprenør frå BKK på staden. Dette førte til steinsprut frå ein nabb som låg i landskapet over brua, som igjen førte til at brua måtte bli stengd i ein periode.

Uhellet skjedde i samband med påbyggingsarbeid på Stordalsvatnet dam, og masseutaket rett ved Krokevassdammen vart brukt til å få masse.

I kjølevatnet av uhellet viste undersøkinga av brua at fundamentet tålte mykje mindre enn først anteke, og brua vart midlertidig nedsett frå ti tonn akseltrykk, til seks tonn.

– Dette her er og har alltid vore ein anleggsveg, det skal ikkje store bilen til før den er over seks tonn, det seier Asbjørn Massnes, som også er engasjert i saka.

Førde utdjupar. – Det er forsatt mykje aktivitet på denne vegen. Det er denne vegen alle i Bjordal bruker når dei skal sørover, også anleggbilar. Vi kan ikkje forsetje å køyre rundt Oppedal.

 

Les meir i den siste utgåva av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord