Lokale nyhende frå Ytre Sogn 18. september 2020
Ytre Sogn 18. september 2020

Ei arbeidsgruppe har kome fram til at det beste ville vere om ein får etablert ein ny brannstasjon på Leira (biletet) i Høyanger.

Ny brannstasjon på Leira til 9,59 mill

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 5. juni 2020

Kostnadsramma for ny brannstasjon på Leira i Høyanger er sett til 9,59 millionar kroner. Rådmann Kjellaug Brekkhus tilrår at prosjektet vert finansiert med lån

Det kjem fram i saksutgreiinga til formannskapsmøtet tysdag i neste veke.


– Det er blitt eit stort fokus på brannstasjonar dei siste åra, med nye og strenge krav. Dette går særleg på det med garderobefasilitetar med rein og skitten sone, inkludert vaskerom for brannbekledning og utstyr. Dessutan er krava til sjølve branngarasjen skjerpa, både det som går på ventilasjon, kompressorrom, reingjering av brannbilane med meir, påpeiker rådmann Kjellaug Brekkhus. 
.

Ho viser til at dei fleste kommunane rundt Høyanger har fått nye og skjerpa krav. Nokre av desse risikerer dagbøter om dei ikkje gjer tiltak for å utbetre brannstasjonane sine.


- Høyanger kommune har sleppt unna slike pålegg hittil, noko som skuldast at brannstasjonen og mannskapa tilhøyrer Hydro Aluminium. Men det er berre eit tidsspørsmål før vi også får krav om ny brannstasjon.Vi bør difor gjere tiltak slik at brannstasjonen i Høyanger stettar dei nye krava som er kome, meiner Brekkhus.


Treng 500 kvadratmeter

Sidan Høyanger brannvesen består av industrivernet til Hydro Aluminium, så vert det eit felles ansvar for dei og kommunen å få ordna opp i forholda til brannmannskapa.


Dagens brannstasjon på kommunekaia i Høyanger består av ein garasjedel på rundt 200 kvadratmeter og ein garderobe/lagerdel på rundt 150 kvadratmeter. 


– Det er ikkje store nok areal her til å oppgradere stasjonen til å stette dei nye krava, seier Brekkhus.

Ei arbeidsgruppe beståande av ansvarlige for brann og beredskap på Hydro Aluminium og i Høyanger kommune har hatt fleire møter der ein har diskutert moglege løysingar for brannstasjonen. Den har kome fram til at det beste ville vere om vi kunne få etablert ein ny brannstasjon på Leira. 


– Ein brannstasjon for Høyanger sentrum som tilfredsstiller dei nye krava vil trenge eit areal på rundt 500 kvadratmeter.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord