Lokale nyhende frå Ytre Sogn 22. januar 2020
Ytre Sogn 22. januar 2020

Bjarte Smelvær Kyrkjebø og sonen Marcus Emil Kyrkjebø i området der ballbingen skal kome.

Ny ballbinge i sikte for Hellevegen velforening

Journalist: Sissel Tove Litzheim | Publisert: 4. januar 2020

På styremøte i Hellevegen velforening i fjor vart det vedteke å leggje til rette for ein ballbinge. No er målet i sikte.

Bjarte Smelvær Kyrkjebø vart utnemnd som prosjektleiar for å få til ein ballbinge på det øyremerka området i Hellevegen på Kyrkjebø. For bebuarane tilhøyrande velforeininga og andre vil det bli ei stor forbetring å få ballbingen på plass og leikeområdet opprusta.

– Ballbingen har vi vurdert til ein pris på 920 000 kroner, inkludert meiravgift, fortel Kyrkjebø.

Hittil har dei fått 100 000 kroner frå Kyrkjebø Idrettslag, det same frå Sparebanken Sogn og Fjordane, medan SafeClean har sponsa dei med 10 000 kroner.

– Desse gåvene er vi svært takksame for, seier Kyrkjebø.

Han fortel vidare at då Jølster Idrettslag skulle lage ny fotballhall, gav dei bort brukte støtdempande matter og kunstgras mot henting. Dette ligg no klart på området og har ein verdi på 150 000 kroner.

Stor eigeninnsats>/h3>
Det er også rekna stor eigeninnsats i form av dugnad omrekna til 200 000 kroner. I det ligg planlegging og prosjektering, skogrydding, montering av ballbinge og legging av kunstgras. Den direkte kostnaden vert innkjøp av sjølve bingen, graving og installering av lys.

Dei har også søkt om tippemidlar der maksimumsbeløp til slike prosjekt er 300 000 kroner. Får dei midlane derifrå, vil reknestykket vise at dei manglar ein stad mellom 20 000 og 50 000 kroner.

– Det er å håpe at både bygdefolket og fleire bedrifter vil støtte oss slik at vi kjem i mål, seier Kyrkjebø.

– Både mindre og større beløp er kjærkomne.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord