Lokale nyhende frå Ytre Sogn 10. april 2020
Ytre Sogn 10. april 2020

Verken ja eller nei til NorthConnect

Publisert: 25. mars 2020

Olje- og energidepartementet har informert selskapet NorthConnect om at det ikkje er tilstrekkelig grunnlag for å fatte vedtak i konsesjonssaka om mellomlandsforbindelsen for kraft. Først må ein hauste erfaringar av dei to kablane som er under bygging, skriv departementet i ei pressemelding.
Den 665 kilometer lange NorthConnect er ein 1.400 megawatt straumkabel mellom Norge og Skottland.

– Med endringane vi ser i kraftsystemet i dag og som vil kome dei nærmaste åra har vi ikkje nok kunnskap no til å vite om fordelane ved prosjektet oppveger ulempene for allmenne og private interesser som blir råka. Med andre ord er dette verken eit ja eller nei til konsesjonssøknaden, fordi vi ikkje har tilstrekkelig grunnlag til å fatte ei avgjerd no, seier olje- og energiminister Tina Bru.

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord