Lokale nyhende frå Ytre Sogn 10. april 2020
Ytre Sogn 10. april 2020

Vegprosjekt starta opp att

Publisert: 24. mars 2020

Som kjent skapte karantenereglane i tidlegare Sogn og Fjordane problem for aktiviteten på fylkesvegprosjekta, og prosjekt stoppa opp. No er karantenereglane oppheva, og dette gjer at dei fleste rosjekta etter forholda vil gå som normalt.
-Vi er sjølvsagt glad for dette, og ikkje minst på vegne av entreprenørane som har ei vanskeleg tid i situasjonen med koronaviruset. Vi har framleis heimekontor i Vestland fylkeskommune og på dei einskilde prosjekta følger vi alle råd frå
FHI for å hindre meir smitte, seier Dina Lefdal avdelingsdirektør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.
– Dei fleste vegprosjekta er i gang, men nokon prosjekt går med redusert kapasitet. Dette vil nok gå utover framdrifta på dei prosjekta det gjeld, seier Lefdal.

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord