Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. oktober 2020
Ytre Sogn 20. oktober 2020

Teknisk svikt truleg ulykkesårsak

Publisert: 15. oktober 2020

Teknisk svikt er truleg årsak til dødsulykka i Gulen i slutten av september, der 41 år gamle Torbjørn Gjertsen frå Høyanger omkom.

– Politiet vurderer det som sannsynleg at det har vore ein teknisk svikt som går mot styringa i båten, og at dette førte til at den avdøde hamna i sjøen, opplyser dei til Firda.

Det var om kvelden fredag 25.september at politiet fekk melding om ein førarlaus båt som gjekk i ring nær Hisarøyna i Gulen, ved innløpet til Sognefjorden. Båten tilhøyrde Gjertsen, som vart funnen i sjøen seinare på kvelden, etter ein omfattande leiteaksjon.

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord