Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. oktober 2020
Ytre Sogn 20. oktober 2020

Seks nye smittetilfelle i Høyanger

Publisert: 9. oktober 2020

Det er no påvist seks nye tilfelle av covid-19-smitte i Høyanger kommune. Alle er knytta til Havyard, opplyser kommunen på heimesida si.

Fire av tilfella vart melde om torsdag kveld og to fredag morgon.

– Den siste informasjonen er at dette dreier seg om to hus med tre smitta personar i kvart hus, seier smittevernlege Kristine Brix Longfellow til Firda.

Dermed er ein oppe i 11 smittetilfelle totalt. Fire av dei oppheld seg ikkje lenger i kommunen, som Ytre Sogn har meldt tidlegare.

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord