Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. august 2020
Ytre Sogn 14. august 2020

Rår frå konsesjon til North Connect

Publisert: 13. februar 2020

Vestland fylke rår i frå at det vert gitt konsesjon til North Connect til å byggja straumkabel frå Sima i Hardanger til Skottland.
– Ein ny utanlandskabel til eit land med høgare kraftprisar vil generelt føre til auka kraftprisar i Norge. NVE har berekna at i kraftprisane i Noreg vil auke med 1-3 øre per kWh i snitt over North Connects levetid (40 år). Dette vil føra til ein auka kostnad for alle elektrisitetsbrukarar i Norge, meiner næringsutvalet, som gjorde vedtak i saka i dag.
Dei peikar også på at kraftkrevjande industri er særs viktig for mange lokalsamfunn.
– Det er avgjerande at industrien, i eit høgkostland som Norge, ikkje vert påførd auka kostnader i form av auke i kraftpris og nettleige slik bygging av denne kabelen vil føre til.

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord