Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. april 2020
Ytre Sogn 4. april 2020

Ønskjer møte med Helse Førde-leiinga

Publisert: 7. januar 2020

Ordførarane i Høyanger og Hyllestad ønskjer eit møte med føretaksleiinga i Helse Førde før styret skal behandle og vedta prehospital plan.

– Vi er kjende med at administrasjonen i Helse Førde treng meir tid til å gå gjennom alle høyringsinnspela som er komne, og at saka kring dei prehospitale tenestene er utsett til styrehandsaming 24. januar. Ambulansen i Lavik er foreslått nedlagt av administrasjonen i Helse Førde. Dette har ført til ei sterk lokal ogregional mobilisering i heile ytre Sogn. Ordførarane i Hyllestad og Høyanger har difor behov for å kunne kome i dialog med føretaksleiinga i Helse Førde kring framtida for ambulansen i Lavik, går det fram av brevet til dei.

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord