Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. august 2019
Ytre Sogn 26. august 2019

Narvesen legg ned i Høyanger

Publisert: 29. juli 2019

Narvesen i Høyanger lukkar dørene 27.oktober. – På grunn av låg omsetnad er det ikkje økonomisk å fortsette drifta, seier Elgen Juliano, som har drive kiosken sidan november i fjor, til Firda.
– Vi har både Kiwi og Coop Extra i nærleiken. Begge butikkane har lågare prisar samt at dei har lengre opningstider. Det er vanskeleg å konkurrere med dei, seier han om kvifor dei no gir seg. Dermed mistar også Høyanger sitt einaste søndagsopne alternativ.
– Søndagane har vore gode dagar. Då kjem gjerne fleire folk innom, men vi klarer ikkje å leve av éin søndag i veka. Vi har tilsette som skal ha løn og mange andre utgifter, seier han.
Kiosken har tre deltidstilsette.
– Alle mister dessverre jobben, seier Juliano.

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord