Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. juli 2020
Ytre Sogn 4. juli 2020

Motorsykkelulykke mellom Sande og Vadheim

Publisert: 17. juni 2020

Politiet melder på Twitter klokka 14 at det har vore ei motorsykkelulykke i Vadheim.
– Ein motorsykkel har køyrt av vegen. Førar vaken og bevisst, men ukjent skadeomfang, skriv dei.
Firda skriv at ulykka har skjedd mellom Økslandsvatnet og Vadheim.

Ulykka skal ha skjedd i ei 80-sone og føraren er ein mann i 50-åra.

Politiet skriv på Twitter at mannen har opplyst å ha ryggsmerter og er køyrt i ambulanse til Førde sentralsjukehus.

Vegen er åpen for trafikk.

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord