Lokale nyhende frå Ytre Sogn 1. juni 2020
Ytre Sogn 1. juni 2020

Lågare arbeidsløyse i ytre Sogn

Publisert: 5. mai 2020

Arbeidsløysa har siste 14 dagane gått ned i alle kommunar i ytre Sogn.

Den er framleis høgast i Hyllestad, der 13 prosent av arbeidsstyrken er heilt ledige. For 14 dagar sidan låg den imidlertid på 17,1 prosent.I Gulen har arbeidsløysa gått ned frå 3,9 til 2,5 prosent, i Høyanger frå 6,8 til 5,2 prosent og i Solund frå 5,3 til 4,4 prosent.


Talet på heilt ledige i Vestland fylke er redusert med heile 25 prosent, og utgjer no 7,5 prosent.

– Dette er ein større nedgang enn vi hadde venta, men desto meir gledeleg, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland, i ei pressemelding.

– Det er liten tvil om at letten på smittevernrestriksjonane har ført til at yrkesgrupper som frisør, tannlege og andre innan personleg pleie har starta raskt opp igjen, seier Bogsnes.

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord