Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. august 2019
Ytre Sogn 26. august 2019

Kraftaksjar til kommunar i ytre Sogn

Publisert: 5. juni 2019

Også kommunane i ytre Sogn får sitt når fylkeskommunen no vil dele ut aksjane i Sogn og Fjordane Energiverk. 65 prosent av tildelinga tek utgangspunkt i folketal, medan 35 prosent vert delt likt, melder Firda. Det betyr at Høyanger kommune, som har 3,1 prosent av aksjane i energiselskapet, vil få 1,24 millionar kroner. Hyllestad kommune har 1,8 prosent og vil få 770 000 kroner, Solund har 1,5 prosent og vil få 600 000 kroner. Den som får mest er imidlertid nye Sunnfjord kommune, med 15 prosent a aksjane, og som dermed vil få 6,0 millionar kroner. 
Éin føresetnad må likevel oppfyllast før aksjane kan delast ut til kommunane, og det er at Høgsterett ikkje omgjer dommen i lagmannsretten om at måten fylkeskommunen vil dele ut aksjane på, ikkje løyser ut BKK sin forkjøpsrett til dei.BKK har anka dommen, og avgjerda om Høgsterett tek anken til behandling fell innan 17.juni, melder Firda.

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord