Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. oktober 2020
Ytre Sogn 20. oktober 2020

Gaularfjellet opnar 1.mai likevel

Publisert: 14. oktober 2020

Fylkespolitikarane i Vestland gjekk onsdag inn for å opne den nasjonale turistvegen over Gaularfjellet 1. mai. Dermed gjekk dei også i mot fylkesrådmannen si tilråding om på utsetje opninga til 1.juni. 


Den vinterstengde vegen brukar kvart år å opne seinast 2. mai, men på grunn av store snømengder på vegen har vegstyresmaktene i år føreslått å vente.


Jenny Følling (Sp) er blant dei som er letta over vedtaket til fylkespolitikarane.
– Det er svært gledeleg og viktig for reiselivsnæringa, seier ho i ein kommentar til NRK Vestland.

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord