Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. oktober 2019
Ytre Sogn 14. oktober 2019

Fiske etter rømd oppdrettsfisk

Publisert: 30. september 2019

Fylkesmannen opnar for at oppdrettslaks på kring fire kilo fanga på garn i Sognefjorden innafor Videhammeren i Gulen kommune og Nesholmsundet i Hyllestad kommune, kan avlivast i perioden 27. september til og med 13. oktober 2019. Vedtaket er gjort med heimel i § 8 i forskrift om fisketider for fiske etter anadrom laksefisk i sjøen, skriv dei i ei pressemelding.
Opninga gjeld bifangst av rømt laks ved garnfiske etter marin fisk, og er retta mot fisk som nyleg rømde frå slakteriet ved Brekke. Den gjeld på følgjande vilkår:
1) Berre fisk som ut frå ytre kjenneteikn kan stadfestast å vere rømt oppdrettsfisk kan avlivast
2) Alt fiske skal følgje gjeldande fiskereglar i sjø
3) All fangst skal registrerast og rapporterast til Fylkesmannen i Vestland

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord