Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. november 2020
Ytre Sogn 24. november 2020

Fire vil byggje E39 Myrmel-Lunde

Publisert: 17. november 2020

Då fristen for kvalifiseringa til konkurransen om å byggje ny E39 Myrmel-Lunde gjekk ut den måndag denne veka, hadde det meldt seg fire firma. Dei er:
– Birkeland Entreprenørforretning
– Arbeidsfellesskapet Metrostav Norge og Bertelsen & Garpestad
– Hæhre Entreprenør
– Kruse Smith Entreprenør

No skal Vegvesenet i gang med å plukke ut tre-fem firmaer som er kvalifiserte, og deretter gjennomføre forhandlingar med dei. I tillegg kjem kortare strekningar med køyrbar gang- og sykkelveg, to busshaldeplassar, to kryss i plan samt kommunale og private tilknytingsvegar.

Ein håpar å kome i gang i mars-april neste år.

Anlegget skal stå ferdig 1. oktober 2023.

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord