Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. juli 2020
Ytre Sogn 4. juli 2020

Boikott av TV-aksjonen

Publisert: 21. juni 2020

Kommunestyremøtet i Høyanger torsdag vart avslutta med ein interpellasjon frå representanten Einar Rysjedal (Raudt) retta til ordføraren. Interpellasjon tok opp om kommunen bør trekke si støtte til årets TV-aksjon, der innsamla midlar skal gå til WWF. Bakgrunnen for forslaget om boikott er WWF si positive haldning til vindkraftutbygging som del av løysinga på klimakrisa. Ordføraren trekte i sitt svar fram at midlane som blir samla inn under årets TV-aksjon i hovudsak skal gå til handtering av avfall og forhindring av marin forsøpling, og at Høyanger kommune kjem til å støtte årets TV-aksjon i år med same beløp som tidlegare. Dette sjølv om kommunestyret har teke og står fast ved eit sterkt nei-standpunkt til vindkraft på land

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord