Lokale nyhende frå Ytre Sogn 10. april 2020
Ytre Sogn 10. april 2020

10 prosent arbeidsløyse i Vestland

Publisert: 24. mars 2020

På to veker har arbeidsløysa i Vestland auka frå 7.285 til 33.738 ledige, noko som utgjer 10 prosent arbeidsstyrken. Permitterte inngår i tala, opplyser NAV Vestland i ei pressemelding.
– Kontrasten frå to veker sidan, då arbeidsløysa var på 2,2 prosent i Vestland og marknaden gjekk svært godt, er enorm. Alle bransjar blir råka. Samfunnet er stengt ned, og det får konsekvensar over alt, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes.
Det er flest ledige innan butikk- og salsarbeid (5.906), reiseliv og transport (5.402) og serviceyrke (4.024). 
K
ommunane med størst arbeidsløyse er Aurland (19,2 %), Voss (13 %) og Stryn (12,5 %).

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord