Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. juli 2020
Ytre Sogn 4. juli 2020

Nordbohus Sogn legg opp til modulbygg på Gamle skuleplassen i Vadheim, som dei meiner vil gje gode bustadløysingar, til fornuftige prisar. (Illustrasjon: Nordbohus AS)


Vil byggje leilegheiter i Vadheim sentrum

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 16. januar 2020

Nordbohhus Sogn AS har levert inn tilbod på bygging av tre 4-mannsbustader på Gamle skuleplassen i Vadheim.

– Vi har jobba mykje med å femne breiare enn før. Til no har det tradisjonelt vore einebustader, og primært i indre Sogn. Men vi har behov for – og ønskje om – å utvikle oss vidare, og det inneber å planleggje større bustadkompleks frå A til Å, slik vi blant anna har gjort på Holmamyrane i Balestrand og Kjørnes i Sogndal. Samstundes vil vi utvide det geografiske området vårt, seier prosjektleiar Heidi Fossnes Helle, til Ytre Sogn om bakgrunnen for at dei no har levert inn tilbod på utbygging av bustadområdet Gamle skuleplassen i Vadheim. 


Det var i november i fjor at Høyanger kommune gjekk ut og inviterte til open konkurranse, der utbyggjarar vart inviterte til å komme med forslag til utbygging av sentrumstomta. Fristen gjekk ut den 6. januar, og Nordbohus var einaste som då hadde levert inn tilbod. 



Helle fortel at dei legg opp til tre 4-mannsbustader med tilsaman 12 bueiningar på Gamle skuleplassen, og at det skjer i tre byggjetrinn. Dei legg også opp til modulbygg, som dei meiner vil gje gode bustadløysingar, til fornuftige prisar. 


– Det betyr også kortare byggjetid, påpeiker ho.


Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Det er på denne tomta i Vadheim sentrum at Høyanger kommune no opnar for nye bustader. 

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord