Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. desember 2018
Ytre Sogn 19. desember 2018

Kim Johannesen (t.v), Janicke Bråthe og Jon Ilseng framme i Høyanger etter ein strevsam tur over fjellet.

Spring tvers over Norge

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 6. august 2018

Jon Ilseng (48), Janicke Bråthe (45) og Kim Johannesen (32) har brukt sommaren til å springe tvers over Norge på det breiaste. Laurdag kom trioen til Høyanger.

Den spreke gjengen starta ved svenskegrensa, ikkje langt frå Innbygda den 21. juli. Turen frå Balestrand til Høyanger starta med ruta opp til Raudmelen, noko som vart etappe nummer 14. Med vind, regn og masse tåke vart ferda over fjellet frå Balestrand alt anna enn behageleg. Primus motor for prosjektet, Jon Ilseng, seier til Ytre Sogn at dei aldri hadde klart den turen med desse vêrforholda, utan hjelp frå kjentmann Tommy Haga. Han vart med gjengen heile vegen frå Balestrand.

Les meir «Tvers over Norge» i Ytre Sogn tysdag

Janicke Bråthe var klar på at trappene i Dalen var dei heftigaste trappene ho hadde vore borti.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord