Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. september 2018
Ytre Sogn 24. september 2018

Kamera er oppe med ein gong når Sogn Aqua sin driftssjef Jan Even Østerbø hentar opp ei kveite frå tanken

Sogn Aqua ser til USA

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 7. mai 2018

På sikt håpar Sogn Aqua at omtrent halvparten av kveita som blir produsert ved anlegget i Ortnevik vil bli levert til USA.

– Når vi om eit par år kjem i full produksjon ved anlegget i Ortnevik, på rundt 700 tonn i året, håpar vi at omtrent halvparten – det vil seie rundt 350 tonn – vil gå til den amerikanske marknaden, seier Jan Brekke, som starta Sogn Aqua, til Ytre Sogn.

Og framstøyt mot marknaden er allereie i gang. I helga hadde dei nemleg besøk av ei gruppe journalistar frå USA, blant anna for å sjå på arbeidet som blir gjort innanfor bærekraftig oppdrett i Norge. Omtalen det gir kan ha betydning no som dei vil inn på den amerikanske marknaden, er både han og Ole-Kristian Hess-Erga – kvalitets- og utviklingssjef i Sogn Aqua – samde om.

– Det er for tida mykje positivt som skjer i næringa for å gjere den meir bærekraftig, og der er vi blant dei som er lengst framme. Det vil vi gjerne vise fram til gruppa som no er på besøk, hovudsakleg journalistar frå USA, og det håpar vi sjølvsagt at dei skal fortelje vidare om, til lesarane sine, seier Hess-Erga til Ytre. Sogn.

Difor er det også viktig at journalistar som Lauren Matison Crossley er med på turen. Ho er frilansar, og leverer saker til blant andre i det prisløna magasinet National Geographic. Det har ho også planar om å gjere etter besøket hos Sogn Aqua på Høyanger sørside. Journalisten, som til vanleg bur i New York, fortel at ho tidlegare har skrive mykje om berekraftig reiseliv.

– Men det som skjer innanfor oppdrett kjenner eg ikkje så mykje til, og eg tykkjer at det er spennande å få sjå og høyre meir om det. Kva reportasje eg kjem til å skrive herifrå veit eg ikkje no. Den utviklar seg gjerne på vegen. Men det som kanskje er mest fascinerande er personane bak, som vil gjere ein forskjell. Difor ser eg for meg å prate meir med blant andre Jan Brekke, og finne ut kva som ligg bak ønsket hans om å gjere næringa meir bærekraftig, seier den amerikanske journalisten.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord