No vil Lavik Fjord Hotel utvide med leilegheitsbygg


– Det blir største enkeltinvesteringa vi har gjort til no, seier hotellvert Laurens Brock i Lavik til Ytre Sogn.

Innan sommaren håpar han og kona Trijnie Cupido å vere i gang med bygginga av nytt leilegheitsbygg, som vil auke kapasiteten ved Lavk Fjord Hotel betrakteleg. I 2017 kjøpte nemleg paret nabotomta, med tanke på å utvikle hotelldrifta.

– Den opphavlege planen var eit nybygg med i alt 18 rom, samt ein konferansedel. Men då var vi avhengige av å få med oss investorar utanifrå. Når det ikkje gjekk, bestemde vi oss for å endre planane, der vi ikkje var avhengige av andre, men bar alle kostnadene sjølve. Slik enda vi opp med eit bygg med tre leilegheiter knytt opp mot hotelldrifta, som vi kan leige ut både på døgn- og vekesbasis, seier Laurens Brock.

Søknaden om å rive verkstaden som i dag står på tomta, for å setje opp nybygget, ligg for tida hos kommunen.

– Bygget inneheld tre leilegheiter. I første etasje er det to leilegheiter, begge med plass til opptil fire personar, og i andre etasje éin leilegheit med plass til opptil fem personar. Og alle har utsikt til fjorden, seier Brock om det som vil få namnet Lavik Fjord Hotel & Appartements.

Han og Cupido håpar å vere i gang med bygginga før sommaren.

– I så fall kan bygget stå ferdig i mars neste år, seier han.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!

Nybygget inneheld ialt tre leilegheiter, alle med utsikt mot fjorden. (Illustrasjon: Ryland Bygg)