No vil kommunen sjå på bubilparkering i Høyanger


Planutvalet i Høyanger ber no administrasjonen om å setje i gang ein prosess, der ein ser på lokalisering av bubilparkering i tettstaden.



Det kjem etter at Høyanger Næringsutvikling (HNU) i møtet tysdag denne veka orienterte utvalet om eit konkret innspel dei har fått om bubilparkering ved Høyangerbadet. Det har også vore omtala i Ytre Sogn tidlegare.



- Vi ser positivt på alt engasjement der målet er å utvikle reiselivet i kommunen. Men det er viktig å plukke ned nokre små prosjekt som ein lukkast med. Det gir ein tru på på ein sjølve, og at ein kan få til noko, sa næringssjef Terje Søreide i møtet.



Han viste elles til at det også vart jobba med bubilparkering andre stader i kommunen.

- Men her snakkar vi om eit konkret innspel om å sjå på bubilparkering i tettstaden, knytt opp mot Høyangerbadet, og som inneber at hybelhusa i området i dag vert rivne. Om dette er optimal lokalisering for bubilparkering må bli del av ein utgreiingsprosess. Vi har ikkje noko fasitsvar på det. Men vi tykkjer at det er eit godt alternativ. Det vil også kunne bidra til å auke inntektene til Høyangerbadet, sa Søreide.


Han viste elles til at bubil er ei aukande ferieform, og at parkering for det er noko kommunen manglar i dag. Det har også vore påpeika frå destinasjonsselskapet Visit Sognefjord, som Høyanger er med i. 


- Tilrådinga frå oss i HNU til kommunen er difor å setje i gang ein prosess, der ein utgreier konkret lokalisering av bubilparkering i tettstaddn, sa Søreide.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!