No vil han gjenskape Villabyen


Arild Høyvik kunne ikkje gje seg med det gamle bygningsmiljøet i Høyanger sentrum. No er han i gang med å gjenskape Villabyen.

– Det var her ute middelklassen i Høyanger på den tida - altså formenn, teknikkarar og andre - budde med familiane sine, fortel Arild Høyvik når vi møter han i verkstaden hans på Kyrkjebø.

Det er også her at dei andre modellane han har laga av bygg som ikkje lenger er å sjå i Høyanger – som Murgården med arbeidarbustadane sine og Samvirkekvartalet med dei mange forretningane – har blitt til.

Men no er det bustadområdet som låg der fabrikken til Nyrstar i dag som opptek han. Og som namnet fortel bestod Villabyen av i alt 10 kvitmåla trevillaer, alle med hage, omkransa av stakittgjerde.

– I dag står berre ein av dei att, lengst oppe. Dei andre vart rivne på 1970-talet for å gje plass til slugfabrikken, seier han og peikar på at i dag hadde nok verken dei, eller dei andre bygningane han seinare har gjenskapt, blitt rivne.

– Men det var slik ein tenkte den gong, både i Høyanger og andre stader.

Les meir i fredagsutgåva av Ytre Sogn!