Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. september 2018
Ytre Sogn 24. september 2018

Slik vil dagsturhytta som kjem ved Synkén i løpet av hausten sjå ut.

Vil ha forslag til namn på hytte

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 12. januar 2018

– Etter å ha fått ei rekkje innspel på kor dagsturhytta vår bør liggje, er det no bestemt at det blir ved Synken, oppe på Høyangerfjellet, seier Maria Brendehaug Petersen og Silje Bøe. No vil dei ha hjelp til å finne namn til hytta.

Silje Bøe (f.v.) og Maria Brendehaug Petersen vil gjerne ha forslag til namn på den nye hytta.

– Vi er opptekne av at dagsturhytta skal vere tilgjengeleg for flest mogleg, og det meiner vi at den blir ved å plassere den ved Synken. Sommarstid er det mogleg å ta seg til hytta både til fots, på sykkel og i bil. Frå parkeringsplassen på Siplo er det 5-6 kilometer og frå helikopterplassen 4,5. Vinterstid går det fantastiske skiløyper fram til den. Så vi meiner at dette er ein fin stad å ha hytta, seier Maria Brendehaug Petersen og Silje Bø, høvesvis kulturmedarbeidar og miljøvernleiar i Høyanger kommune.

I løpet av 2018 skal kvar kommune i Sogn og Fjordane ha fått på plass dagsturhytter med nynorsk turbibliotek på eit turmål i kommunen, Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga og kommunane sjølve. Utgangspunktet er visjonen i Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv: Fysisk aktivitet for alle.

Når det gjeld hytta på Høyangerfjellet håpar Brendehaug Petersen og Bøe at folk etter kvart vil kjenne eigarskap til den.

– Difor går vi no ut og ber om forslag til kva den bør heite. Namnet vil stå på utsida av hytta, på eit skilt vi får laga, seier Bøe.

Dei tek imot forslag både på kommunen si facebook-side, på heimesida deira – og på biblioteket i Høyanger.

– Så no er det berre å vere kreative! seier Brendehaug Petersen.

Dei har sett frist til å komme med forslag til 19. januar.

– Så plukkar vi ut dei tre forslaga vi meiner er best, som folk røystar på. 1. februar vil vi så kunngjere vinnaren, seier ho.

Les meir i avisa fredag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord