No vil dei at ytre Sogn skal få eigen bunad


– Det er på tide at også ytre Sogn får sin eigen bunad, meiner Annhja Nielsen. Det har ho og veninna Ragnhild Lie no planar om å gjere noko med.

– Vi har begge røter i ytre Sogn - eg i Lavik og Ragnhild i Leirvik - og vi er begge over snittet interesserte i norske folkedrakter og bunader. Men det som finst av kunnskap om dei frå Sogn er i hovudsak om dei frå midtre og indre delane, og lite frå ytre. Det tykkjer vi er kjedeleg, og prøver no å finne ut meir om det, slik at vi kan lage våre eigne rekonstruerte bunader frå området vi ættar frå, seier Annhja Nielsen til Ytre Sogn.

Og til det treng ho og veninna hjelp.

– Når vi skal rekonstruere bunaden vil vi gjerne ta utgangspunkt i det folk brukte av drakter på den tida, det vil seie frå 1800 og fram til rundt 1920, og då treng vi både gamle plaggdeler, mønster, fotografi og anna som folk i ytre Sogn måtte ha på loft eller i kjellar, som viser kva dei hadde på seg i den aktuelle perioden, seier ho.

Ho legg til at dei har ei viss formeining til korleis vil lage den nye bunaden. Dei har nemleg planar om å sy den sjølv.

– Men vi vil som sagt gjerne vite meir om klestradisjonane som har vore i området, det vil seie frå Høyanger og utover langs Sognefjorden, seier Nielsen, som til vanleg bur på Askøy utanfor Bergen, medan veninna held til i Trondheim.

Ho fortel at dei allereie har fått kontakt med nokre i Hyllestad-området, som dei har planar om å besøkje i august.

– Men før den tid håpar vi også å få kontakt med endre fleire, andre stader i ytre Sogn, som kan hjelpe oss i det vidare arbeidet, slik at vi forhåpentlegvis om ikkje altfor lenge kan gå i gang med å sy vår eigen ytresognbunad, seier Nielsen og kan fortelje at hovudplagget allereie er klart.

– Vi har jo den kvite «hodnhua», men den høyrer til sognebunaden, altså for midtre og indre Sogn. Men på eit gamalt fotografi frå rundt 1860, av ei eldre dame i folkedrakt i «Ladevik» - eller Lavik - hadde ho på seg eit lite, svart hovudplagg, som har vore brukt i ytre Sogn. Den har eg sydd, ved å lage mitt eige mønster. Det finst nemleg ikkje noko mønster på den. Den ligg no klar til bruk - til den nye ytresognbunaden min, seier Nielsen.

Dei som kan hjelpe Annhja Nielsen og veninna hennar med gamle plaggdeler, mønster, fotografi og anna som fortel om drakttradisjonar i ytre Sogn kan sende ho ein epost, på adressa [email protected]

Konehua som Annhja har laga, som har vore brukt i ytre Sogn.