No vil Alex ta med Høyanger-ungdom til sjøs


Ved å hente ein gamal seglbåt til Høyanger vil Alex Ek å gje ungdom i alderen 13-19 år ein alternativ opplæringsarena. Men for å greie det er han avhengig av hjelp frå lokalmiljøet.

– Heile båten må restaurerast, og tanken er at ungdomane sjølve er med på det. Det handlar om å skape ein arena dei kan vekse på, ved å gje dei ansvar. Og det får ungdomane til gagns med dette prosjektet, først når dei skal vere med og førebu den til sjøsetting, og etter kvart når dei skal vere med og drifte båten. Og så handlar det om å byggje samhald mellom dei, seier Alex Z. J. Ek, som har jobba i ungdomsmiljøet i Høyanger ei tid no, blant anna som miljøarbeidar på vidaregåande skule og i ei prosjektstilling i kommunen.

I tillegg har barnevernstenesta leigd inn føretaket hans, Alex Omsorgsutvikling, til ulike tiltak.

– Eg har brukt denne tida på å bli kjend med ungdomane, skape tillit og få i gang aktivitetar . Så dette prosjektet, som eg har valt å kalle «Pedagogisk sjøkultur», blir ei forlenging av det, seier han og peikar på at mange i den aktuelle gruppa - det vil seie ungdomar mellom 13 og 19 år - kjenner at dei fell litt utanfor andre, organiserte aktivitetar.

– Det vil eg gjere noko med, seier Ek.

Båten - ein seglbåt, eller motorsiglar, på 49 fot - låg ute til sals på finn.no for ei kroner. Han fekk tilslaget, mykje på grunn av prosjektet han ønska å bruke den til. Men før båten kjem på sjøen må det altså omfattande restaurering til, og ifølgje Ek sjølv vil det koste atskilleg. Difor er han også avhengig av hjelp frå lokalmiljøet.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!