No vert «Suen» pensjonist


”-Flytt deg, eg vil sjå far min!” Alt frå to års-alderen gjekk kjeftesmella jamt på det som skulle bli ein av dei mest markante avismennene gjennom alle tider i Høyanger. Fredag den 13. januar 2018, to dagar før Rune ”Suen” Sviggum fyller 62 år, går han av med pensjon.

-Flytt deg, eg vil sjå far min! Orda kjem frå barnevogna til Aud Johanna Sviggum. Året er 1958 og ei stor folkemengd er samla på kommunekaia i Høyanger. Der er skuleborn med flagg, Fagforeningens hornmusikk spelar og alle ventar på at Norges nye konge skal gå i land. Vesle Sviggum gir klar beskjed om at dei framfor barnevogna må flytte seg. For han var det viktigaste denne dagen at han fekk sjå faren, Henry Sviggum, spele i musikken. Kong Olav V kom i andre rekke og vel så det. Lokale nyhende og interessa for dette skulle bli den unge guten i barnevogna sitt kall og levebrød.

Les meir i Ytre Sogn fredag