No vert hybelhusa på Hjetland rivne


I slutten av januar startar arbeidet med å rive dei to hybelhusa på Hjetland i Høyanger.

- Behovet for hybelhusa er ikkje lenger der, og det har samanheng med blant anna betre kommunikasjon til og frå tettstaden, enn til dømes på 1970-, 80- og 90-tal. Tilstanden på dei to bygga er også dårleg etter ikkje på ha vore i bruk på fleire år. Difor vert dei no rivne, seier prosjektleiar Bjørn Berstad i Høyanger kommune til Ytre Sogn.



Han fortel at rivinga av dei to bygga frå tidleg 70-tal har lege inne i økonomiplanen i fleire år, men har stadig blitt skyvd fram i tid.

No er det klart at firmaet EN Entreprenør AS, som har spesialisert seg på denne type oppdrag, har fått det.



Arbeidet kjem på 922 000 kroner, og er venta å ta rundt fire veker. Det vil seie at bygga er rivne, og tomta planert med pukk og grus og klargjort til framtidig bruk i slutten av februar.



- Vi hadde kontraktsmøte i dag, og dei har no fått igangsettingsløyve og reknar med å starte rivinga 25.-26.januar, seier han.



Les meir i siste Ytre Sogn!