No startar rehabiliteringa av Vadheimstunnelen


Måndag den 25. mars startar rehabiliteringa av Vadheimstunnelen, med utsprenging av ei 90 meter lang havarinisje. Arbeidet vil pågå både i år og neste år.

– Sist veke gjorde vi ein del førebuingsarbeid i tunnelen, som medførte kolonnekøyring på dagtida, med inntil 20 minuttar venting. Det held fram denne veka, før arbeidet kjem i gang for alvor neste veke. Då startar vi blant anna å sprengje inne i tunnelen, seier Svein Rune Vie i Statens vegvesen til Ytre Sogn.
Og då endrar også tidene for kolonnekøyring seg.

– Arbeidet i tunnelen vil føregå om kvelden og natta. Det betyr at vi kan ha lengre stengingar, som igjen gjer at vi kan drive meir effektivt. I Vadheimstunnelen vil det bli ein del sprenging, ikkje minst når vi skal byggje den nye, 90 meter lange havarinisja, påpeikar han.

Men det betyr også at det blir fri ferdsel i tunnelen på dagtid, frå klokka 8 om morgonen til klokka 18 om kvelden.

– Vi vil at dei som brukar vegen skal bli minst mogleg påverka av arbeidet vi gjer, ved å leggje det til tider på døgnet med mindre trafikk, seier Frank Sørdal frå Hæhre, som er vald som hovudentreprenør for prosjektet til rundt 50 millionar kroner.

Les meir i siste Ytre Sogn!