No skal taket på hallen skiftast ut


Med ein gong skulane tek ferie byrjar arbeidet med å skifte taket på Høyangerhallen.
– Men vi byrjar å klargjere området allereie denne veka, noko som vil avgrense bruken, seier Bjørn Berstad, prosjektleiar i Høyanger kommune, til Ytre Sogn.

I denne omgang er det berre tak på høgbygg – det vil seie idrettshall-delen på rundt 1300 kvadratmeter – som vil bli skifta.

– I utgangspunktet skulle vi ha bytta tak både på høgbygg og lågbygg. Denne type flate tak har ei levetid på cirka 30 år, så no var på høg tid å gjere det. Men vi såg også at vi fekk prosjektmessige utfordringanar med lågbygg, der vi blant anna finn garderobedelen. Den er like gamal som resten av bygget, og det er behov for å gjere noko også med den. Men det får vi ikkje tid til om vi skal bli ferdige i løpet av ferien, slik vi her legg opp til. Difor valde vi å dele prosjektet i to. Så blir det opp til politikarane å bestemme om vi også tek garderobedelen når vi skal til med å skifte ut tak på lågbygg. Men det vil også fordyre prosjektet, seier Bjørn Berstad, prosjektleiar i Høyanger kommune, til Ytre Sogn.

Det er sett av totalt sju millionar kroner til å skifte ut begge taka.

– Men no som vi berre tek høgbygg snakkar vi om i underkant av fire millionar kroner, seier han. Tharaso, som også er i gang med ombygging av Høyanger tannklinikk rett ved, er vald som hovudentreprenør for prosjektet. Med som underentreprenørar har dei Skårhaug Taktekk og Per A. Øren. Dei vil starte med å klargjere området med anleggsgjerde tysdag denne veka.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!