Lokale nyhende frå Ytre Sogn 22. juli 2019
Ytre Sogn 22. juli 2019

Universell tilkomst blant anna til kinosalen er del av rehabiliteringa som kommunen no planlegg i Høyanger samfunnshus. I tillegg vil det også blir gjort ein del i salen. – Vi skal blant anna bytte ut alle stolane, som har vore tema i mange år, men stadig har blitt skyvd fram i tid. Men no satsar vi på å få gjort det, seier prosjektleiar Bjørn Berstad i Høyanger kommune.

Høyanger samfunnshus skal rehabiliterast for 20 millionar

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 2. juli 2019

– Kostnadsmessig er dette største byggjeprosjektet i kommunen på lang tid, seier prosjekteiar Bjørn Berstad om Høyanger samfunnshus som no skal gjennom omfattande rehabilitering.

Totalt 20,2 millionar kroner vil det kome på.

– Når ein dimensjonerer bygg så er det for 30-50 år. No er vi komne dit at vi bør gjere noko med samfunnshuset, seier Bjørn Berstad, Høyanger kommune sin prosjektleiar, til Ytre Sogn.

Han understrekar at her snakkar ein om teknisk rehabilitering av bygget.

– Det betyr at mykje av det som blir gjort ikkje vil bli synleg for alle dei som brukar det.

Til oppdraget høyrer blant anna å modernisere elektriske tavler for å betre tryggleiken, skifte ventilasjonsanlegg for å redusere fyringsutgiftene og montere heis for universell tilkomst til blant anna kinosalen, som også vert brukt til ein heil del andre arrangement, som konsert, teater og liknande. I tillegg vil det også blir gjort ein del anna i salen.

– Vi skal blant anna bytte ut alle stolane, som har vore tema i fleire år, men som stadig har blitt skyvd fram i tid. Men no satsar vi på å få gjort det, seier han.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn.

Rehabiliteringa av samfunnshuset er kostnadsrekna til 20,2 millionar kroner, og er venta å ta minst eitt år.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord