No skal dei rehabilitere Hovlands kafé for to millionar


Hovlands kafé i Vadheim blir likevel ikkje riven. No har eigar Sven Bork i Borks Ferienhäuser i staden bestemt seg for å bruke to millionar kroner på å setje det nær 150 år gamle bygget i stand igjen.

– Vi har også planar om å starte opp igjen med kafédrift, og håpar å kunne opne dørene neste vår, seier han til Ytre Sogn.

Men ifølgje byggeigaren bli ikkje namnet på den Hovlands kafé.

– Nei, den vil heile Malenes kafé, oppkalt etter ho som dreiv første kaféen her, på slutten av 1800-talet, seier Sven Bork, som eig og driv Borks Ferienhäuser, til Ytre Sogn.
Han driv utleige av feriehus over heile Norge, blant anna i Høyanger kommune. Kafébygget i Vadheim sentrum følgde med då han i fjor haust kjøpte tidlegare Vadheim Dampbakeri som ligg rett bak. Planen var å rive den gamle kaféen for å betre tilkomsten til det.

– Men det skapte som kjent reaksjonar blant folk i Vadheim og elles i kommunen. Og det - saman med at Høyanger kommunen sitt ønske om å ta vare på det gamle sentrumsmiljøet - gjorde at vi bestemte oss for likevel ikkje å rive Hovlands kafé, men heller å setje den i stand igjen. Vi har også lyst til at det skal vere aktivitet i bygget, og difor bestemte vi oss for også å starte opp igjen med kafédrift, seier Bork.

– Mange i Vadheim har sagt at dei gjerne vil ha kafé i bygget igjen, slik det lenge var. No får dei det, legg han til.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

I 2015 var Kaihuset (t.v.) ferdig rehabilitert. No er det Hovlands kafé sin tur.