Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. april 2019
Ytre Sogn 26. april 2019

-Vi har mange bedrifter i Hyllestad som vi håpar vil vere med og sponse eit sete eller to på tribuna i den nye fleirbrukshallen, seier leiar i Hyllestad idrettslag, Unni Systaddal (f.v), her saman med styremedlemmene Anette Bøe Wolff, Kari Virkesdal og Hege Støyva. (Foto: privat)

Sel tribunesete i den nye hallen

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 29. mars 2019

– Ved å sponse eit tribunesete i den nye fleirbrukshallen i Hyllestad får ein ikkje berre namnet sitt på det. Det er også ein unik moglegheit til å skrive seg inn i Hyllestad si historie, seier Unni Systaddal, leiar i Hyllestad Idrettslag, til Ytre Sogn.

-Det er kommunen som byggjer hallen, men idrettslaget skal vere med og bidra med ein del pengar i investeringsfasen, som vil gå til innreiing, seier leiar i Hyllestad idrettslag, Unni Systaddal, til Ytre Sogn.
Ho fortel at dei også har vore utruleg heldige og fått sponsa to millionar kroner frå næringslivsleiaren Trond Mohn i Bergen, som dei skal bruke til utstyr til hallen.
– Midlar frå idrettslaget vil blant anna bli brukt til å få plass ei tribune, som vil ha ein kostnad på om lag 200 000 kroner. For å prøve å få inn litt pengar frå næringsliv og innbyggjarar i kommunen hadde vi oppe nokre idéar på styremøtet vårt, der vi kom på at vi kunne selje tribuneseter.

Les meir i Ytre Sogn fredag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord