No sel Harrods kveite frå Ortnevik


Glitne-kveita frå Ortnevik er no å finne på eit av London sine mest eksklusive varemagasin - Harrods.

– Sjølv om vi snakkar om eit avgrensa volum, har det stor betyding at Harrods har valt å ta inn produktet vårt. Dei er eit såkalla «high end»-varemagasin, som er den marknaden vi rettar oss mot. Så for oss er det ei anerkjenning at Glitne-kveita no er å finne i mathallen deira, som kun tek inn produkt av høg kvalitet. Ja, signaleffekten det gir er kanskje det aller viktigaste, seier Ole-Kristian Hess-Erga, som er kvalitets- og utviklingssjef i Sogn Aqua, til Ytre Sogn.

Han fortel at det er første varemagasinet av denne typen dei har fått innpass hos.

Kveita som Harrods no sel er foredla, og har ein kilopris på rundt 1000 kroner.

– Produktet heiter Glitne sashimi, som er rå fiskeskiver, og som vi har valt å gje ein lett røyksmak, seier Hess-Erga.

Han fortel at avtalen med Harrods har vore jobba med lenge, og at den har kome i stand med hjelp frå Norsk Sjømatråd og Direct Seafood. Sistnemnde er blant dei større grossistane i Storbritannia, og er difor ein viktig samarbeidspartnar for Sogn Aqua når det gjeld sal av fersk, heil fisk på dei britiske øyene.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

Eksklusiv kveite-sashimi frå Ortnevik.