No peikar pilene rette vegen for SafeClean


Etter krisa som traff olje- og gassindustrien i 2015 var SafeClean nøydde til å ta grep. Det har no gitt esultat.

Frå 2016 til 2017 har nemleg Høyanger-bedrifta auka inntektene frå 28,9 til 37,5 millionar kroner, eller 30 prosent. Samstundes har resultatet auka med 62 prosent, frå 1,7 til 2,8 millionar kroner.

– Det er sjølvsagt kjekt når det går så bra som det gjer no, og sjå at innsatsen som blir lagt ned av dei tilsette gir resultat, seier plassjef Asbjørn Hesjedal når vi møter han i Hjetland industripark, der SafeClean held til.

For tida er kapasiteten ved anlegget sprengd. Han fortel at det var meininga at den nye avdelinga i Sløvåg i nabokommunen Gulen no skulle vere oppe og gå. Men av ulike årsaker – blant anna kommunen sitt arbeid med å regulere området– har det blitt utsett. No ligg det an til å skje mot slutten av året. Difor føregår også avfallshandteringa, som etter planen skal flyttast til Sløvåg, framleis i Høyanger.

– Det gjer at vi for tida har meir enn nok å gjere her på anlegget. Lagerplassen er, som du ser, fylt bra opp, seier Hesjedal.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!