Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. juli 2020
Ytre Sogn 4. juli 2020

BådeAnita Nordheim (f.v.), Gaute Ljotebø og Petter Sortland er nøgde med plasseringa som modellane av gamle Høyanger no har fått.

No opnar utstillinga av «Gamle Høyanger»

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 23. juni 2020

– Her passar modellane som Arild Høyvik har laga av det gamle bygningsmiljøet i Høyanger godt inn, er både Petter Sortland, Anita Nordheim og Gaute Ljotebø einige om.

No er dei nemleg å finne i 2.etasje i industristadmuseet, saman med utstillinga om samfunnsutviklinga i Høyanger. Då han vart pensjonist tok han til lage små modellar av bygningsmiljø som no er vekke, blant anna Murgården – det gamle arbeidarkvartalet – nede på Sæbøtangen.

Torsdag denne veka opnar utstillinga.



-Vi håpar den vert mykje besøkt, både av fastbuende og tilreisande. I år skal jo alle på Norgesferie, og det håpar vi å sjå att her også, seier Anita Nordheim, kommunalsjef for kultur, til Ytre Sogn.

Både museet og galleriet i andre delen av Byporten vil vere ope seks dagar i veka i sommar, frå mandag til laurdag. Og det blir gratis inngang begge stader.



– Det må gjere oss til landets mest tilgjengelege museum og galleri denne sommaren. Så får vi evaluere det heile etterpå, med tanke på korleis vi legg opp drifta neste år, seier Nordheim.



Oppdatere museet


Det er no halvanna år sidan at kommunestyret i Høyanger sette av 150 000 kroner til ei oppgradering av muséet, som også innebar at modellene til Høyvik vart del av utstillinga. Til å planleggje det heile lengde dei inn Pål Thomas Sundhell, som laga utstillinga til Høyanger Industristadmuseum då det opna i 1997, medan lokalhistoriker Gaute Ljotebø har stått for utføringa. 



– Det medfører også forpliktingar når vi får ei slik gåve av Høyvik, blant anna å gje modellane hans ei verdig plassering, og som han sjølv er nøgd med. Dei stod ei tid utstilt i samfunnshuset, men det var ikkje ideelt, seier ordførar Petter Sortland og viser til at det føregår mange aktivitetar i bygget.



– På museet står dei langt tryggare. 

Han viser også til at museet bør vere levande, men at det har vore få endringar sidan opninga. 


– Spesielt utstillinga nede i 1. etasje, som fortel om korleis i industrien i Høyanger har utvikla seg, har gått noko ut på dato. Dette har såleis også vore eit høve til oppdatere den, seier han.



Puljevis omvising


Sortland opnar utstillinga no på torsdag, medan Nordheim vil ønskje velkomen. Fagforeningen musikklag spelar, før det vert puljevis omvising ved Ljotebø.


⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord