No opnar Galleri Høy


Etter at Jørgen Herleiksplass Lie (28) kjøpte draumehuset sitt i Høyanger, har planane alltid vore å opne eit galleri i kjellaren. Eitt år etter innflytting er Galleri Høy no klart for opning og Jørgen lovar god stemning og spesiell kunst.

Galleri Høy, som held til i Hålandsvegen 17, vil vere både galleri, utstilling, atelier og samlingsplass for kreative sjeler. Lie har planar om å invitere ulike kunstnarar for å bu i huset hans over ei viss periode, og få bruke galleriet til arbeidsplass før dei har ein utstilling på slutten av perioden.

– Den første kunstnaren som vert ein del av Galleri Høy er Ragnhild Gjøen, som har utstilling no på laurdag, fortel Lie.

Ho lagar korte animasjonsfilmar som ofte utforskar både svik og begjær, som regel med ein humoristisk vri.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!