Lokale nyhende frå Ytre Sogn 12. desember 2017
Ytre Sogn 12. desember 2017

Dagleg leiar Steinar Holen (biletet) hos Østerbø Maskin hadde ikkje sett føre seg at veksten i omsetnaden ville bli så stor som den ligg an til i 2017.

Østerbø Maskin må ha fleire tilsette

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 25. november 2017

– Det er for tida stor aktivitet i Bjordal-området, og det merkar også vi, seier dagleg leiar Steinar Holen hos Østerbø Maskin.

No må bedrifta ha fleire tilsette.

– Auken i oppdrag gjer at vi må ha fleire som kan vere med og ta dei unna.Difor kjem vi no til å utvide staben med fire tilsette, innan elektro og mekanikk, seier Steinar Holen til Ytre Sogn.

Alle fire vil ha basen sin på Østerbø, ikkje langt frå Søreide, der også hovudkontoret er. –

Mykje av utstyret vi leverer i dag er relatert til elektro, og blir produsert i verkstaden her på Østerbø. Det gjeld blant anna utstyr til oppdrettsnæringa, som vi leverer ein del av, seier Holen og nemner andre, lokale bedrifter som Osland Havbruk og Sogn Aqua, som dei stadig har oppdrag for, og som begge er i vekst.

– Det merkar også vi. Blant anna er vi nettopp ferdige med ein stor kontrakt for Sogn Aqua i samband med bygginga av det nye, store landbaserte kveiteanlegget deira i Ortnevik, seier Holen om det som har vore største enkeltoppdraget i år

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord