Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. september 2020
Ytre Sogn 19. september 2020

Største klatreveggen Ortnevik Tre har vore med på til no, er den i Mørkvehallen i Bodø, med ei flate på nærare 2500 kvadratmeter. Men no er dei i gang med ein som er endå større. (Foto: Tjelmeland Friksjon)

No leverer Ortnevik Tre klatreveggar over heile landet 


Journalist: May Britt Eide | Publisert: 20. januar 2020

Ortnevik Tre hentar det meste av omsetnaden sin på å produsere innreiing til båtar. Men etter at dei vart kontakta av Tjelmeland Friksjon – landets einaste produsent av klatreveggar – har dei fått endå eit bein å stå på.

– Vi trudde at det skulle bli ein sideproduksjon, og ikkje binde opp mange tilsette. Men det har vist seg å sysselsetje både to og tre personar, seier dagleg leiar Helge Dyrrdal hos Ortnevik Tre, til Ytre Sogn.

Førebels utgjer det mellom 5 og 10 prosent av omsetnaden til Ortnevik Tre.



– Vi starta opp med å produsere frontpanel til Tjelmeland Friksjon i fjor, og til no har det vel blitt mellom 20 og 30 klatreveggar. Så det har vore ein veldig pågang, og den held fram. Dei er levert til både Molde, Bodø, Nordjordeid, Hyllestad, Andøya og mange andre stader. Ja, til og med til St. Petersburg i Russland. Så det er spennande å få vere med på, seier han til Ytre Sogn.





Landets største


Pågangen medførte også at bedrifta i fjor investerte i ny, digital fresmaskin til rundt to millionar kroner, nettopp på grunn av oppdraga for Tjelmeland Friksjon.



– Til ein liten vegg snakkar vi om rundt 100 delar, og ingen av dei er like. Vi skjer ut både trapesar, paralellogram og andre former. Til ein stor vegg, derimot, må det fleire 1000 delar til, seier Dyrrdal og fortel at dei no er gang med det som vil bli landets største klatrevegg, som er under bygging i Åsane utanfor Bergen.

Den vil bli på over 3000 kvadratmeter.


– Får vår del betyr det ein stad mellom 6000 og 7000 delar. Så vi kjem til å jobbe med det fram mot påske, og sikkert endå lenger, seier Dyrrdal.



Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!


– Det er spennande å få vere med på, seier Helge Dyrrdal om samarbeidet med Tjelmeland Friksjon.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord