«No kokar det for meg og «Monkey»


–No kokar det for meg og «Monkey», sa Elliot Tonning Åsen då han passerte trapp nummer 1200 i Trappeløpet laurdag morgon. Han var ein av dei første opp trappene, og med seg – fint hengande i armkroken – hadde han «Monkey».

Om det koka for Elliot og «Monkey» var varmen også tydeleg plagsam for dei andre deltakarane i årets løp, men likevel var det fleire som sette personlege rekordar. Det vart levert fantastiske tider nok ein gong opp dei 1268 trinna. Raskast av alle i herreklassen var Vegard Holsen frå Førde. Tida 08:52 var ei god forbetring frå 2017 då han vart klokka inn på 09:29.6. Stine Mari Taule frå Høyanger vann kvinneklassen med tida 10:52. Ho var godt nøgd med å ta sin andre siger i trappeløpet.

– Ja, eg synest løpet gjekk greitt, trass i varmen. Heldigvis var det svampestasjonar undervegs, for det hjelpte veldig på, sa Stine Mari Taule etter løpet.

Les meir i Ytre Sogn