–⁠ No kjem dei unge heim


–Vi er ikkje i tvil om at dei unge no vel å flytte heim att til Hyllestad, sa Karine Strandos og Mari Dale Salbu i ungdomsrådet til Ytre Sogn då politikarane hadde gjort vedtaket.

Symjehallen skal rivast og det skal byggjast fleirbrukshall på tomta. Det heiter det i eit samrøystes vedtak gjort av Hyllestad kommunestyre tidlegare denne veka.

–Vedtaket var svært positivt, og det inneheld nettopp det vi i ugdommar har kjempa for. No er det ikkje sikkert at alle er heilt nøgde, men det er akkurat det vi seier, at det må kome ei løysing der alle er litt nøgde, men ingen heilt nøgde.

Det var også svært positivt at kommunestyret kunne samle seg om eit samrøystes vedtaket, meiner dei.

–No trur vi at dei unge vil velje å flytte heim att til Hyllestad, då snakkar vi for alle ungdomane. Ein hall har nemleg svært mykje å seie for at det skal skje.
Vi må også få presisere at vi tykkjer Hyllestad skule er ein god skule, det er forholda ved skulen ungdomsrådet er misnøgde med, seier dei to representantane frå rådet.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!