No har dei felt ulven


Fredag ettermiddag felte Stein Mortensbakke og jaktlaget hans ulven med tilnamnet «Lucky», som har herja i Hyllestad, Fjaler og Høyanger i over to år.

– Vi har jakta på han kontinuerleg sidan tysdag, og for rundt 10 minuttar sidan felte vi han, fortel jaktleiar Stein Mortensbakk til NRK Vestland i 16-tida fredag ettermiddag.

Ulven vart skoten vest for Eide.

Siste veka har dei vore over 20 mann ute og jakta på ulven, i tillegg til forsterkingar frå Statens naturoppsyn (SNOK), i form av helikopter. Det har også vore brukt snøskutarar og terrengmotorsyklar.

– Det er hardt arbeid og sporing som gjer at vi no klarte å ta han, seier Mortensbakke. Og

sjølv om dei har leita etter ulven lenge, er han ikkje berre glad.

– Det er blanda kjensler. Vi har jakta etter han lenge, men det er eit flott dyr som ligg her no, seier han til NRK Vestland.

I løpet av dei siste åra skal han ha teke over 350 sau i ytre Sogn og Fjorda dei åra den har hatt tilholde her.

Ulven blir no sendt til Trondheim for vidare undersøkingar.