No førebur SafeClean seg på vekst


– Vi har behov for å gjere investeringer i nytt utstyr for å imøtekome den veksten vi ser kome. Men slikt utstyr krev også meir plass, seier Kjetil Hansen, og ser seg om i den store produksjonshallen.

Han og plassjef Asbjørn Hesjedal står midt i det som om mindre enn eit år blir dei nye lokala til SafeClean, i det såkalla SIVA-bygget på Kyrkjebø.

– Det har vore klart i lengre tid at vi har behov for meir plass, utover det vi har i Hjetland Industripark i Høyanger i dag. No var vi komne til eit punkt der vi måtte bestemme oss for om vi skulle utvide der vi var, eller om vi skulle finne nye, lokale ein annan stad og valet fell på det siste, seier Kjetil Hansen, dagleg leiar for SafeClean, til Ytre Sogn.

Samlar alt

Noko av det som gjorde at valet til slutt fell på bygget på Kyrkjebø var at dei får samla alt på eit område, og at det er berre dei som er der. I Høyanger i dag har dei blant anna måtte leige plass hos andre.

– Det handlar også om betre arbeidstilhøve for våre eigne tilsette, og betre vern mot utanforståande. På Hjetland har vi arbeidd delvis ubeskytta mot folk, medan på Kyrkjebø vil heile anlegget bli inngjerda, forklarar Hansen.

Det blir også mogleg å installere nytt utstyr, som vil løfte bedrifta teknologisk.

– Vi har behov for å gjere investeringer i nytt utstyr for å imøtekome den veksten vi ser kome. Slikt utstyr krev meir plass, samtidig med at vi vil få ein heilt annan, større kapasitet. I tillegg vil arbeidsoperasjonane bli endå meir effektive. Alt dette er nødvendig for å imøtekome kundane våre sine forventningar, seier han.

Må tilpasse

Dei har vore i dialog med SIVA (Selskapet for industrivekst, red.mrk), som eig det 3500 kvadratmeter store bygget på Kyrkjebø, sidan i sommar. I haust vart leigeavtalen på tre gonger fem år underskriven.

– Sjølve produksjonshallen er på 1800 kvadratmeter, og vi er no i gang med å sjå på løysingar for den, samt resten av bygget. Det handlar om å kome fram til best mogleg utnytting av bygget, med utgangspunkt i prosessane vi driv med, seier Hesjedal.

I tillegg til produksjonshallen, reknar dei også med å måtte gjere tilpassingar i administrasjonsdelen, samt toalett- og garderobefasilitetar.

– Vi reknar med å måtte investere ein stad mellom 2,0 og 2,5 millionar kroener i samband med flyttinga, og håpar å vere i gang med ombygginga i løpet av først kvartal neste år, slik at vi er i gang på Kyrkjebø over sommaren. Oppstart 1. august er det vi no jobbar etter, seier Hansen.

Nye tilsette

Hesjedal fortel at han og resten av arbeidsstokken ser fram til å kome inn i dei nye lokala.

– Flytteplanane vart godt mottekne blant dei tilsette. Det viser jo at bedrifta ikkje vil stå på staden kvil, men ser langt framover. I tillegg blir alt no samla under eitt tak, som vil gjere arbeidsdagen betre og, ikkje minst, enklare, seier han.

Hansen nikkar.

– Komfort er også viktig når ein tilbringer så mykje tid på jobb som ein gjer. Då må det leggjast til rette for at ein har det fint. Det får vi i nye, moderne lokale, Ja, vi får vel også bygdas flottaste kantine, seier han og smiler.

Bedrifta har i alt 24 tilsette. Av dei er 16 i Høyanger, medan fem er i Sløvåg og tre i Kristiansand. At dei no skal flytte inn i nytt, stort bygg opnar også for fleire tilsette.

– Vi ser føre oss ein vekst allereie i 2019. Men om det blir ein, to eller fem nye tilsette kan vi ikkje seie no. Samstundes vil det vere behov for auka kompetanse hos dei vi allereie har, med nytt utstyr.

Stort løft

Både han og Hesjedal er spente på det som no ventar.

– Det blir jo eit stort løft for oss, ikkje minst med tanke på kor vi var for berre tre år sidan. Då var vi ikkje ein gong sikre på om vi framleis hadde drift ved anlegget i Høyanger, seier han og viser til då krisa i olje- og gassindustrien for nokre få år sidan, som også råka dei.

Den førte til lågare aktivitet på vedlikehald, som tradisjonelt har vore marknaden deira, som leverandør av kjemisk reinsing av prosessutstyr til denne type industri. Hansen seier at ordrereserven no er god i høve tidlegare år, og at dei forventar at den vert endå betre.

– Marknadsutsiktene framover gir oss grunn til optimisme. Det var også også avgjerande for at gjekk for dette – å flytte til Kyrkjebø, seier Hansen.

Om ikkje lenge vert det aktivitet i bygget på Kyrkjebø, som har stått tomt dei siste tre-fire åra.